Publisert den

Flott start på festivalen!

Om lag 250 stk tok turen til kyrkjekonserten i Fitjar Kyrkje i går, torsdag 9. august, og Maria Arredondo fekk endelig besøke Fitjar. Noko ho har drømt om sidan ho var lita jente!

Bestevenninna frå barndommen fortalte alltid om sommarferien hos besteforeldrene på Fitjar, og for Maria framstod dette som det ultimate sommarparadis!

På konserten i går leverte Maria nydelig sang saman med ektemannen Torstein Sødal, og band. Det var eit variert repertoar, med blant anna innslag frå musikalar, gospel, viser og religiøse songar.

Publikum virka storfornøyd, og konserten blei avslutta med trampeklapp.

No er festivalen i gang, og me i styret ønskjer velkommen til ei flott festivalhelg!