Publisert den

Fotoutstilling av John Arvid Skumsnes

Den første offentlige utstillingen John Arvid hadde var på Fitjarfestivalen for to år sidan. I år er han tilbake med mange flotte bilete!

Han tar bilete av det meste, men har ein forkjærlighet for landskap og natur, både fjell og hav.

John Arvid starta å ta bilder lenge før digitalkamera kom på marknaden. Han starta i den tida fotoapparata hadde film. Disse sendte ein inn til framkalling og fekk bildene tilbake i posten etter 14 dagar. Då var det begrensa kva ein kunne justere og endra på.

No i den digitale verden er det mange flotte moglegheita. Ein kan ta på hundrevis av bilete utan at det kostar noko ekstra, og ein kan finjustera og endre bileta i etterkant. Og ikkje nok med det, no kan ein også printa bileta på mange ulike materialer.

Utstillinga i år er printa på aluminium, plexiglas, kunstpapir og vanleg fotopapir. Ta ein tur innom utstillinga i «kaffiståvo» under festivalen og sjå dei flotte effektane dei ulike materiala gir. Blant anna får landskapsbileta ei nærmast pastellaktig overflate.

Rydlandssaga