Publisert den

DJ AGÙST kjem tilbake!

Den 21-år gamle islandske DJ og musikkprodusenten AGÙST er klar for å løfta taket i kjellaren på Fitjar Fjordhotell, laurdag 10.august! Han vil også spele på ungdomsarrangementet fredag 09.august.

AGÙST har det siste året gjort storinntrykk på Norges store klubbscener, i tillegg til å ha spelt foran tusenvis av mennesker på eventer for russen, fadderveker og festivaler. Han har delt scene med artister som Julie Bergan, Arif, Kamelen, Charlie Roennez, SJUR og fleire internasjonale artistar.

For tida har han residens på Bergens største nattklubb, Ricks Bergen. Han speler også for NATT, Lille Ole Bull og Villa Blanca, som fast DJ.

AGÙST spelte også på Fitjarfestivalen i fjor, men då under navnet FBGM.

Han seier i ei melding at han gler seg til å komme tilbake å spela på Fitjar, og me gler oss òg!