Publisert den

Åsmund Nesse og Smelta Smør!

Laurdag 10. august servera me Åsmund Nesse og Smelta Smør i teltet!

Nesse har gjeve ut to album under eige namn, «Lysning» (2015) og «Viser frå Vesterland» (2017).

Med seg til Fitjarfestivalen kjem han med sitt glimrande band «Smelta Smør» som krydrar katalogen til Nesse med både tjukke og tynne strenger, trommer og tangentar.

Ein konsert med Åsmund Nesse og Smelta Smør rommar både skjemt og alvor og er trygt forplanta i folk-tradisjonen. Musikalsk er det stor spennvidde i uttrykket, i frå fyrrige og humoristiske drikkeviser til melankolske låtar til ettertanke. 

Sjekk ut Åsmund Nesse på Spotify

Smelta smør består av:
Åsmund Nesse – song & gitar
Hans-Olav Molde- trommer
Ella Helen Bukkøy – fiolin
Håkon Askeland -irsk bouzuki & mandolin
Gunvald Hagen – piano, orgel & melodica
Edvard Mjanger – kontrabass & elbass

Me gler oss!