Fitjarfestivalen 2012 vil gå av stabelen samme helga som det store kunstprosjektet, Five Thousand Generation of Birds. Dei to arrangementa vil samarbeida tett for at dette skal verta ei storhelg som skal trekkja mykje folk til positive opplevingar på Fitjar.
Det vil verta program både for små og store festivaldeltakarar. Til dømes den årvisse fiskefestivalen, program og aktivitetar for dei minste, ungdomsdiskotek, Vise- og Lyrikk kveld, Festival Jam, konsertar og dans. Festivalen si bodgate vil innehalde blant anna både lokalprodusert handarbeid og kunst samt kortreiste matvarer frå distriktet rundt Fitjar. Dette spanande konseptet har me kalla « Smaken av Sunnhordland .» Restaurantteltet på Fitjarfestivalen er vel verdt eit besøk: velsmakande mat laga av gode råvarer frå Fitjar.
Programmet for helga er foreløpig slik
| Vise- og lyrikk-kveld | 19.30 | Fitjar Kultur og Idrettsbygg |
| Ungdomsdiskotek | 19.00 | Fitjartun |
| Opning av restauranttelt og bodgate på kaien. | 16.00 | Sjøsio v/Spar Fitjar |
| Kunstutstilling på Smedholmen. | 18 - 21 | |
| FestivalJam, allsong og dans i i Fitjar Kultur og Idrettsbygg | 22 - 02 |
| Bodgate og restauranttelt opnar. | 10.00 | Sjøsio v/Spar Fitjar |
| Familiekonsert. | 11.00 | Sjøsio v/Spar Fitjar | Fiskefestival |
| Aktivitetar for born | ||
| Off.opning av kunstutstillinga | 12.00 | Smedholmen |
| Konsert; Åsmund Åmli Band, Storm Weather Shanty Choir Bilettsalg frå kl 19.00. (vert jobba med fleire artistar…) | 19.00 | Sjøsio v/Spar Fitjar |
| Konsert/ dans: PÅ HELL, Revivals m/ fleire. | 22.30 | Fitjar Kultur og Idrettsbygg og Fitjar Fjordhotell |
| Gudsteneste | 11.00 | Sjøsio v/Spar Fitjar |
| Lunsjservering i restaurranttelt | 12.00 | Sjøsio v/Spar Fitjar |
| Veteranbilar | 12.00 | Sjøsio v/Spar Fitjar |
| Bodgate opnar | 12.00 | Sjøsio v/Spar Fitjar |
| Kunstutstilling i øyane | 13.00 | Sjøsio v/Spar Fitjar |
Meir informasjon kjem.
Meir informasjon kjem.